Hopp til hovudinnhald

HALLINGDAL I FARGER

Sommarutstilling 2024

Fotografia i utstillinga er handkolorert av Olav Sataslåtten. Dei er henta frå Hol Bygdearkiv og Nasjonalbibliotekets arkiv. Fotografia er frå Nesbyen og Hol i Hallingdal.

  • 1/3
    Olav Sataslåtten
  • 2/3
    Olav Sataslåtten
  • 3/3
    Olav Sataslåtten

Dei ulike fotografane

Axel Lindahl (1841-1906) var ein svensk fotograf som jobba mykje i Noreg. Han var ei veke i Hallingdal i månadsskiftet august/september 1890, og tok mange fine bilete frå Nes. Han var òg innom Hemsedal, Torpo, Gol og Flå.

Ola A. Strand (1859-1945) var ein norsk gründer, oppfinnar, mekanikar, fotograf og spelemann frå Ål. Strand var son av Asle Tolleivsdotter Bjella (1814-1887). Ola og broren Tolleiv d.y. var fyrst i Oslo og lærte om mekanikk. Deretter var han nokre år i Amerika frå 1880.

Narve Skarpmoen (1868-1930) var ein fotograf frå Rollag i Numedal, som fyrst og fremst arbeidde som presse- og friluftsfotograf. Han opna sin eigen forretning i Oslo frå kring 1893.

Anders Beer Wilse (1865-1949) var ein av dei mest kjende fotografane i Noreg, og reiste mykje rundt i landet og tok bilete. Gjennom sine fotografi har han dokumentert landskap og menneske, inkludert folkekultur og arbeidsliv. 

Olav Sataslåtten

Er spesialkonsulent i Kulturetaten i Oslo kommune, og tidlegare underdirektør i Riksarkivet. Han er busett på Torpo, med lange slektsliner bakover i Ål.

Olav har hatt rik tilgang på den omfangsrike, eldre fotohistoriske delen av historia i Hallingdal, og det er gjennom desse studia han har utvikla sin særeigne teknikk for digital handkolorering av eldre bilete.

Motivasjonen og utgangspunktet for koloreringa er medvitet om at fargelegging i stor grad er med på å levandegjere bilete, slik at me dermed får eit betre inntrykk av korleis liva til folk i Hallingdal fortona seg i eldre tid.

I denne utstillinga på Hallingdal Museum har Olav fokusert på noko av det eldste, og mest verdifulle, dokumentasjonen av nedre Hallingdal på 1800-talet, nemleg bileta til den svenske meisterfotografen Axel Lindahl. 

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2