Hopp til hovudinnhald

IDUN OG ISAK

Idun og Isak er to nysgjerrige, leikne og eventyrlystne barn som tek med dei yngste på ei reiste gjennom tid og rom for å utforske historia til Buskerud. Du kan treffe dei på alle musea i Buskerudmuseene, kor dei er kledd i spesielle plagg som er unike for kvar stad.

  • Martine Solstad Larsen

På Hallingdal Museum er Idun og Isak kledd i hallingkleu. Inspirasjonen til påkledninga er folkedrakter frå Øvre Hallingdal, som er utstilt på Hol Bygdemuseum.

Idun og Isak er teikna av Martine Solstad Larsen/Historisk Kunst og Haandverk. Klikk på knappen under for å laste ned pdf for å fargelegge Idun og Isak. 

  • Martine Solstad Larsen

Idun

Idun har på seg ei svart døs eller dås, som i dag blir brukt om den svarte utanpåstakken brukt til kvardags, helg og høgtid. Idun ser elles ut som ei ugift jente i Øvre Hallingdal kunne sjå ut sist på 1800-talet.

Det spesielle med draktskikken i Øvre Hallingdal er mellom anna bruken av hovudbunanden. Hovudbunaden Idun har på seg kallast jentepannelin, og vart brukt til kyrkjebruk og ved samvere av ulike slag utanom kyrkja. Bruken har halde seg lengst til fest og høgtidsbruk, men er meir sjeldsynt i dag.

  • Martine Solstad Larsen

Isak

Isak har på seg ein herrebunad som blir kalla steglatrøye. Denne bunaden har utgangspunkt i ein draktskikk som var i bruk tidleg på 1800-talet, som òg har vore i bruk fleire stader i landet, mellom anna i Valdres. På hovudet har Isak ei kolleluve.

Steglatrøye blei tatt opp att som bunad på 1900-talet. Då tok ein utgangspunkt i gamle klede til brudgom, og ein må rekne med at desse var meir dekorerte enn vanlege festklede.

 

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2