Hallingdal Museum består av 7 besøksstader i Hallingdal, og formidlar kulturarv frå dalen. I tillegg organiserer museet besøk i Hol gamle kyrkje på sommaren.
I sommarsesongen kan du få guida omvising på dei ulike besøksstadene av dyktige omvisarar. Då kan du òg besøke alle musea i Hallingdal på éin billett i løpet av seks dagar!
Ein må løyse billett på alle musea i opningstidene til museet, også for eit besøk på uteområdet.
Vi tek òg imot større grupper, og har omvisingar på både norsk og engelsk. Ta kontakt for meir informasjon! Følg òg med på heimesida og sosiale medier for arrangement.