Hallingdal Museum
Stiftinga Hallingdal Museum har 7 besøksstader i Hallingdal: Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Dagali Museum, Hol Bygdemuseum og Dokken Fjellgard. I tillegg administrerer me besøk i Hol gamle kyrkje. Hallingdal Museum er ein del av det konsoliderte Buskerudmuseene.
Hallingdal Museum Nesbyen er administrativt senter for museet. Musea våre har ope i sommarsesongen, eller etter avtale.
Gjennom ulike arrangement, temadagar og utstillingar legg museet til rette for opplevingar og kunnskapsformidling knytt til både eldre og nyare tid. Museet har eigne opplegg for skule og barnehage.
Til saman forvaltar Hallingdal Museum 124 kulturhistoriske bygningar og 36 000 gjenstandar frå Hallingdal; bruksgjenstandar, klede, tekstilar, kunst og arkivmateriale som speglar historia frå mellomalderen og fram til 1900-talet. Bygningane kjem frå store delar av Hallingdal, og fortel om bondekultur og næringsliv opp gjennom tidene.