Hopp til hovudinnhald

Skuler og barnehagar

Hallingdal Museum har fokus på læring for barn og unge, og har fleire tilbod til skuleklassar på alle trinn og barnehage. Eit besøk på museet gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Hallingdal Museum er fleksible når det gjeld å tilpasse tilbodet.

Hallingdal Museum består av fleire besøksstader i Hallingdal: Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Hol Bygdemuseum, Dokken Fjellgard og Dagali Museum.

Me ynskjer så langt det let seg gjere å legge til rette for undervisningstilbod på dei ulike besøksstadene, men ver merksam på at ikkje alle har aktive opplegg for skule eller barnehage. Tilboda er i utvikling, nye kjem til og andre blir tatt vekk. 

Ta gjerne kontakt med museet i skjemaet om det er noko du saknar!

Du kan òg sende ein mail til: kolsrud@buskerudmuseet.no

FØREMÅL

Målet med undervisningsopplegget til Hallingdal Museum er å gje elevane ei oppleving av, eller ei forståing av, korleis det var å bu og leve i Hallingdal i tidlegare tider. Kunnskap om kulturarv og lokalhistorie kan bidra til at elevane får innsikt i eiga historie, styrka identitetskjensle og ei forståing for lange liner, og korleis verda heng saman. Hallingdal har gjennom alle år vorte påverka utanfrå, men gjennom auka kunnskap kan elevane bli meir bevisst på kva som er særmerkt med Hallingdal.

TIL LÆRAREN

Alle grupper som deltek i undervisningstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ynskjer me å gje dei unge gode opplevingar. For å få best mogeleg utbytte av museumsbesøket, bør det førebuast på førehand. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Me gler oss til å sjå dykk!

For spørsmål/bestilling

Ta kontakt via skjemaet under dersom du ynskjer å bestille, eller om du har spørsmål til opplegga.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2