Hopp til hovudinnhald

 

1. juli - 15. august

Måndag, tysdag, torsdag, fredag

11.00 - 16.00

 

For arrangement i regi av Hol kyrkjelege fellesråd, følg lenka

 

Vaksen kr 90

Barn kr 60

 

Fellesbillett til alle besøksstader i Hallingdal, gyldig i 6 dagar.

Vaksen kr 120

Barn/honnør/student kr 80

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Ålmannvegen 2

3576 Hol

Hol gamle kyrkje er den elste kyrkja i Hol prestegjeld, som blei skild ut frå Ål prestegjeld i 1870. Kyrkja er fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder frå 1328, og truleg har den røter tilbake til 1200-talet. Kyrkja er bygd på og restaurert fleire gonger, og framstår i dag med eit høgt og breidt lafta skip. Hol gamle kyrkje var soknekyrkje fram til den nye kyrkja vart bygd i Hagafoss i 1924. 

På kyrkjebakken mellom kyrkjegarden og Holsfjorden, står to lafta bygingar, tingstugu og prestestugu. Tingstugu (tidlegare kalla kyrkjestugu) vart truleg bygd i perioden 1812-1815. Stova vart bygd for å gje folk ein stad å vere under gudstenesta. Det sto òg ein stor peis midt på golvet tidlegare, som folk kunne varme seg på dei kalde vinterdagane. Prestestugu vart bygd av Arne Nerol i 1844, så presten kunne ta inn der på kyrkjereisene sine til Hol - i staden for på Nerol. 

Hol gamle kyrkje er i jamleg bruk i sommarhalvåret, både til gudstenester og andre arrangement. Hallingdal Museum har ansvar for omvising i kyrkja på sommaren.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2