Hopp til hovudinnhald

FRIGJØRINGSJUBILEET

01.05.2025 - 31.08.2025

Ei mellombels utstilling som står i butikken til Hallingdal Museum Nesbyen.

 

  • 1/1
    Ukjent / Hallingdal Museum Fotosamling

I dei fyrste månadane av kringe var det kontroll over ferdselsårene gjennom Hallingdal og Valdres. Dette utløuste skarpe møter mellom motstandsfolk og okkupasjonsstyrker. Wehracht ville sende 400 soldatar frå Oslo til Bergen, via Bergensbanen. For å hindre tyskarane i å bruke toglinjene, sprengte motstandsmennene fleire bruer oppover Hallingdalselva. 

11. april blei Sevre-brua på Bergheim i Nesbyen sprengt, og jernbanelinjer blei rive opp ved Liodden og sør for Gulsvik. Seinare vart det sprengt bruer fleire stader, mellom anna ved Trommaldstøa i Gulsvik, Svenkerudbrua nord for Nes, og vegbrua over Solheimselva. 

Dei tyske reaksjonane let ikkje vente på seg, og dei sende store troppar opp frå Oslo. 5. april 1940 kjempa 184 menn frå Hallingdalsgruppa mot 1200 soldatar frå Kampfgruppe Ritzmann i Gulsvik. 26. april avanserer tyskarane til Flå. Dei norske troppane trekker etter kvart på skogen og går i dekning. 

Gol - eit knutepunkt

Under okkupasjonsåra bygger tyskarane opp Gol som eit knutepunkt for sin aktivitet. Det blei bygd rundt 200 brakker og lagerbygg i Gol, samt ein fangeleir - Glitremoen.

Den store byggeaktiviteten førte til at mange lokale med hyra inn, og lokale trelasthandlarar fekk ein oppsving i inntektene. "Brakkebaron" blei eit skjellsord på dei som tente mest pengar på den tyske aktiviteten. 

 

  • 17.mai 1942 ved Hallingdal Folkemuseum.
Fra venstre Sigrid Prestbakken, Gunvor Persmoen, Arne Persmoen, Lian, og Sverre Haraldset ,Gunhild Vissebråten, Gudrun Jordheim, Kari Jordheim, Kristi Jordheim, Ingeborg Jordheim, Hanna Mathismoen, Magda Mathismoen, Kari Mette Brattested, Signe Haraldset,Inger Marie Mathismoen, Mari Haraldset, Borghild Haraldset, Kari Søndreli, Gunnar Søndreli og tvillingene Gerd og Ruth Haraldset.
    17. mai 1942, feira på Hallingdal Museum Nesbyen. Biletet er henta frå digitaltmuseum.org

Motstand

Det var få skarpe hendingar i Hallingdal under okkupasjonsåra. Mykje av motstanden kom til uttrykk ved at dei som hadde fått ordre om å foreta arrestasjonar eller razziar, sjølv lekka informasjon om at det kom til å bli gjennomført. 

Skula og kyrkja blei arenaer for organisert motstand, særleg mot propagandaverksemd. Lokalt blei det invitert til dans, til tross for forbod mot slik aktivitet. Også på museet blei 17. mai feira på ulovleg vis. 

Motstandsarbeid måtte skje i skjul, og Milorg voks fram som organisasjon. Målet var å organisere ei nasjonal militær styrke, som skulle sette inn støtet saman med dei allierte styrkane. Eit slik storstilt alliert innrykk kom aldri i den sørlege delen av landet. Fokuset skifta til opptrening av styrkar som kunne drive geriljaverksemd og sabotasje av tyske anlegg.

Ei opptelling av styrkane etter krigen var over, viste at 40 000 personar stod på lista over væpna personell på landsbasis. 

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2