Tekstilkunstnaren Birgit Hagen var produktiv til ho var nesten nitti år. Ho utvikla motiva sine og laga bilete til tekstane og tekstar til teppa. Ho ville halde produksjonen sin samla og ha kontroll med korleis arbeida vart vist fram.
Ho bestemte seg for å gje heile livsverket sitt, både teppe, bilete og manuskript til Hallingdal Folkemuseum, no Hallingdal Museum Nesbyen.
Museet arrangerte i løpet av 2003-2004 fire store utstillingar. Birgit var med på opningane av dei fyrste, og hadde stor glede av det. I 2008 blei det òg oppretta ei stifting, med føremål om å fremje kunsten til Birgit Hagen - Stiftelsen til fremme av Birgit Hagen Kunst.
Om
Teksten er skrive av Tone Vindegg. Den byggjer på samtalar med Birgit Hagen, skrivne notat og tekstar, og samtalar med søster Guri Rønhovde.
Birgit Hagen vart fødd i Vats, ei fjellbygd i Ål kommune, 4. oktober 1912. Ho var den sjette i ein barneflokk på åtte: fire gutar og to jenter som var fødde mellom 1904 og 1912, og to yngre søsken fødde i 1918 og 1922. Foreldre var Engebret Engebretson Dusegard (f. 1877) og Kari Olsdotter Randen (f. 1878). Dei bygde og busette seg på garden Hagen, som låg inntil Dusegard.
Til garden høyrer stølen Jonsstølen, som ligg innanfor Gyrinosvatnet mot Hemsedal. Naturen her er storfelt, med fjell og vidder og det store vatnet som sjeldan er stille. For å kome til stølen måtte ein ta seg fram over ei elv som kunne vere stor og strid om våren. Det var ein time å gå til næraste støl der det var folk. Her var Birgit alle somrar fram til ho var om lag 15 år, med mor si og søskena, og barndommen i fjellet prega henne heile livet og gav ein klangbotn som finst att både i biletkunsten og i tekstane hennar. Manuskriptet ”Skisser fra en barndom” er ei sterk skildring av korleis det var å vekse opp der.
Som barn var Birgit observerande og inntrykksvar. Ho sleit med tuberkulose, men kom gjennom det, truleg på grunn av ei eineståande indre styrke og vilje til å arbeide. Ho opplevde tidleg at ho hadde ei gåve – ei kjensle for fargar og inntrykk, og ei evne til å gi det form – og at det var hennar ansvar å forvalte denne evna.
Utdanning og virke
Alle søskena frå Hagen fekk høve til å kome ut og ta utdanning. Å satse på ei rein kunstutdanning var nok knapt tenkeleg den gong for ei jente med hennar bakgrunn, så Birgit Hagen gikk to år på teiknelinja ved Statens kvinnelige industriskole i Oslo i 1943–45. Derfor vart biletveven hennar uttrykksform, ikkje målarkunsten, sjølv om ho aldri var opptatt av tradisjonelle vevnader og svært tidleg tok til å lage frie komposisjonar der fargane var det sentrale. Avgjerande vart vidareutdanninga ved Centralskolan för konstflit i Helsingfors, avdeling for tekstilkunst, 1946–47. Der vart ho anerkjent som ein kunstnar i utvikling, og ho fann eit moderne formspråk og ei fri, open haldning som også omfatta biletvev. I Oslo hadde ho eit miljø av yngre kunstnarar rundt seg, med Paul og Martha Gauguin, Elise Jakhelln og Sigrun Berg som viktige støttespelarar.
I 1949 hadde Birgit Hagen ei stor separatutstilling i Galleri Per i Oslo med vevde teppe, ryer og applikerte bilete. Materialet var for det meste spelsaugarn som ho sjølv hadde karda, spunne og farga. Teppa hadde titlar som ”Skogbunn”, ”Fjellmose”, ”Stener i vann” og ”Graskoner”. Komposisjonane var frie, med ”en helt impresjonistisk oppfattelse av motivene” (Vi selv og vore hjem). Fleire av aviskritikkane framheva fargebruken, materialsansen og slektskapen med måleriet, og kommenterer at ho er prega av fjellet: ”Man aner hennes opplevelser som barn i ensomheten oppe på vidda” (Morgenposten).
På 1940- og 1950-talet budde Birgit Hagen delvis i Oslo, delvis i Vats, reiste også i Danmark og Finland. I 1953 fekk ho stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid. Ho stilte ut teppe på haustutstillingane på Kunstnernes hus i 1952 og 1953 og deltok på Triennalen i Milano i 1960 med eit teppe, ”Moder Jord”, som ho fekk diplom for. Ho skreiv også fleire manuskript som ho seinare har laga bilete til.
Etter 1960 fekk ho høve til å reise i Italia, Frankrike og Hellas. Der var kunsttradisjonar og landskap som ho kjente seg meir heime i enn ho kanskje gjorde i kunstnarmiljøa i Oslo. Ho oppsøkte dei katolske kyrkjene, katakombane, renessansekunsten, ikontradisjonen – og ikkje minst den franske impresjonistiske målartradisjonen frå Monet til Bonnard, som hennar eige formspråk er i slekt med. Ho lærte seg språk på eiga hand. Skisser frå reisene vart tekne med heim til Ål, der ho busette seg, og lagt til grunn for ei lang rekke store biletteppe. Mange skisser vart også laga i fjellet i Vats om somrane.
Arbeidet
Kvart av desse teppa har det teke kanskje eit år med intenst arbeid å lage. Dei er planlagte og komponerte direkte i veven utan teikna mønster, noko som er svært konsentrasjonskrevjande. Glød og rikdom i fargane er det berande elementet, og materialbruken er svært variert. Ho spann og farga mye av garnet sjølv, men kombinerte det med kjøpt vevgarn i alle tenkjelege fargar og med andre trådar som kunne gi eit kontrasterande uttrykk. Noen av teppa er i større grad materialbilete, som ho sjølv har karakterisert slik:
Silkeflor frå Hellas. Geiteragg frå Ellingsgard. Fiskegarn frå Geitevatnet. Norsk dyrka lin og hamp, handspunne og bleika på snøen. Handspunne dekkhår frå spelsau blanda med bomullsmasse og silkeflor. Hoeltfeldt Lund kunstvevgarn. Rauma ryegarn. Bomullsmasse frå Solberg spinneri. Hestetagl. Knappar. Kopartråd. Skøyteledning. Knuste glasstykke frå bilvrak. Flaskekapslar. Filler og remser. Trikot, gjerne falma og som har fått patina. Plantefarge frå steinmose, reinlav, begerlav, granskjegg, grøn vier frå Geitevatnet, orebork og lauv.
Teknisk: Rammevev eller primitiv oppstadvev, der trådane blir plukka opp. Flatvev. Lin, bomull eller nylonrenning.
Hausten 1970 hadde ho på nytt ei stor separatutstilling i Kunstindustrimuseet i Oslo med 21 teppe, som fekk positiv omtale og vart møtt med interesse. I samband med utstillinga seier ho at teppa er ”forsøk på å gjengi i vev en stemning eller en opplevelse. De er komponert direkte i veven uten arbeidstegning, har av og til en skisse. Det er alt. Det var finnenes frie måte å behandle materiale og komposisjon på som førte meg til veven (...)”.
Ho fekk utsmykkingsoppdrag og selde noen få store teppe, mellom anna til Nordli kyrkje i Namdal og til eit sjukehus i Porsgrunn. Men ho opplevde nok at arbeidet med utstillingar og kontakten med den offentlege kunstverda tok for mye av krefter og konsentrasjon, og at ho måtte ha ro rundt seg for å kunne vere skapande. Etter kvart trekte ho seg tilbake til Ål og levde nokså isolert der mellom reisene sine. Slik fekk ho den fridommen og arbeidsroa ho trengte. Men Birgit Hagen var alt anna enn ein lokal brukskunstnar. Det fellesskapet ho opplevde at ho høyrde til i, var den europeiske målarkunsten, som ho hadde del i gjennom bøker og reiser. Og i fjellet fann ho inspirasjon og motiv.
Som pensjonist fekk ho økonomisk fridom til å reise meir, og hospiterte også ved kunstakademia i Oslo og Bergen. Etter å ha vore målar i veven det meste av arbeidslivet sitt tok ho no for alvor til å lage oljemaleri, som var uendeleg mye raskare og meir fleksibelt.
Birgit Hagen var produktiv fram til ho var nesten nitti år. Ho utvikla motiva sine og laga bilete til tekstane og tekstar til teppa. Ho laga også nye arbeid, mellom anna ein serie bilete til Johannes’ openberring. Meir og meir såg ho livsverket sitt som ein heilskap der alt hang saman. Det mest sentrale var dei om lag femti store biletteppa. Men fordi teppa i stor grad er laga med plantefargar, toler dei ikkje mye lys og må stillast ut med varsemd. Birgit Hagen ville halde produksjonen sin samla og ha kontroll med korleis arbeida vart vist fram. Ho ønskte å bygge eit galleri sjølv, men klarte ikkje å realisere det. Til slutt bestemte ho seg for å gi heile livsverket sitt, både teppe, bilete og manuskript til Hallingdal Folkemuseum, no Hallingdal Museum, Nesbyen. Museet arrangerte i løpet av 2003–2004 fire store utstillingar. Birgit var med på opningane av dei første, og hadde stor glede av det.
Birgit Hagen døydde i april 2004.