Hopp til hovedinnhold

Se bestemor! Vi danser sammen

  • 1/1

Det er ingen som dansar heilt likt. I vertfall er det ytterst sjeldan. Og likedan så er det den enkelte dansar…, dansar jo heller ikkje likt kor gong. Så det vil bli veldig mange variasjonar, ettersom korleis ein føler seg opplagt og stemningen er, og alt dette.

Oddvar Vestenfor i «Spela spelmann, lat fela låte (1971)», NRK

Oddvar Vestenfor skildrar springaren frå Hallingdal så fint i NRK-programmet «Spela spelmann, lat fela låte» frå 1971: ingen dansar likt, ikkje eingong den enkelte dansar. Det han seier om springaren kan òg overførast til dei andre norske folkedansane, og i veldig stor grad all dans. Den norske folkedansen omfattar både dei dansane som har vore vanleg dans for folk flest i eit område i bestemte periodar, men òg dansetypar og -materiale som den norske folkedansrørsla brukar eller har brukt. I norsk folkedans finn ein både springar, gangar, vals, reinlendar, rilar, kontradansar, songdansar og songleikar, men òg folkelege variantar av tango, foxtrot og swing.

 

Dei norske folkedansane har vorte dansa i ulike periodar, av ulike folk, frå ulike delar av landet. Alle med ulik bakgrunn, og ulikt utgangspunkt. Dansen famnar både den systematiske opplæringa, men òg læresituasjonane der ein hermar og berre dansar – der målet kanskje i like stor grad har vore samvær av menneske på tvers av generasjonar. Mange av dansane er òg pardansar – kor ein får ei oppleving av å danse saman med eit anna menneske, korleis ein kommuniserer i paret utan å snakke, men òg korleis ein utan ord kommuniserer med musikaren og reisten av dansarane på golvet. Denne samdansen kan vere fin, og den kan gje mange gode opplevingar og gode minne til mange.

 

I vandreutstillinga «Se bestemor! Vi danser sammen» ynskjer ein å vise at det å danse er for alle, og at mange har glede av å vere til stade i dansen. Det skal vere like naturleg for barnebarnet å danse, som for bestemor på 90 år. Utstillinga er eit ope rom for prat, tolking, minner, og for å delta. Som Vestenfor seier: det er ingen som dansar likt. Alle dansar på sin måte, med det utgangspunktet ein har. Det viktigaste er at ein har gode opplevingar med dans, og gode opplevingar i dansen.

 

Se utstillinga på Hallingdal Museum, Nesbyen

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2