Hopp til hovudinnhald

UTVANDRINGA FRÅ HOL

I 2025 er det 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Den norske emigrasjonen til Amerika er den største norske folkevandringa nokon sinne. Frå Hol reiste det 2 127 personar.

4. juli 1825 reiste Restauration frå Stavanger til New York med 52 emigrantar om bord. Båten nådde New York 9. oktober, etter 14 veker på havet. Dette var starten på ei betydningsfull tid i norsk historie. 

Det er vanskeleg å sette seg inn i forholda i Hol for 200 år sidan, det som gjorde at familiar og enkeltpersonar tok den store avgjerdsla om å reise frå alt dei kjente, for å få eit betre liv i Amerika.

Hol Historielag har laga utstillinga som står i Tingstugu (ved Hol gamle kyrkje). Utstillinga viser historier, personar, tal, fakta og gjenstandar som skildrar ulike sider ved utvandringa frå Hol spesielt. 

Utstillinga kan sjåast i opningstidene til kyrkja.

 

1. juli - 15. august 

Måndag, tysdag, torsdag, fredag

Kl. 11.00 - 15.00

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2