Hopp til hovudinnhald

Utstillingsopning: Se bestemor, vi danser sammen!

Danseutstillinga inviterer ung og gamal inn i den sosiale dansen. På tvers av generasjonar lærer vi av dei som er gode, ved å danse saman. Å danse er for alle, det er kroppen som dansar, ikkje øyrene. Utstillinga opnar rommet for prat, tolking og minner.

NB! Arrangementet har funne stad

Utstillingsopning

Nesbyen
Møllevegen 18, 3540 Nesbyen, Norway
18. jan. 2025
18.00

Program

Velkomne til opning av ei interaktiv danseutstilling for heile familien!

Utstillinga formidlar dans frå heile landet, og opnar rommet for prat, tolking og minner. Kanskje ser du kjentfolk på film?

Me håpar å få til litt dans i samband med opninga, meir informasjon om dette kjem!

Gratis inngang.

Om utstillinga

Utstillinga "Se bestemor, vi danser sammen!" er ei vandreutstilling laga av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. I løpet av dei neste 3 åra skal utstillinga settast opp på 12 museum i heile Noreg. Produksjonen er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, UNESCO Norge, og Sparebankstiftelsen SMN. 

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2