I 2023 overtok Hallingdal Museum ein del inventar og gjenstandar etter TUBFRIM i Nesbyen.
TUBFRIM var ei veldedig stifting som var i drift frå 1928 til 2003. Stiftinga vart oppretta på Nesbyen som "Tuberkulosearbeidets Frimerkeforretning". Inititativet til opprettinga kom frå postmester Ditlef Frantzen, og føremålet var å samle og omsette brukte frimerker til tuberkulosearbeid for barn i Noreg.
I utstillinga kan du lese meir om bakgrunnen til TUBFRIM, og du kan sjå korleis arbeidsplassen kunne sjå ut.
Utstillinga står i 2. etasje i Tandberg.
- 1/1
Torgil H. Pålsrud