Ragnhild Kolsrud |
"Folk i gamle dagar var overtruiske, seier me som meiner å veta betre. dei hadde løynde makter ikring seg, som dei trudde på som ein handgripeleg røyndom."
Folketru er gamle førestillingar om det magiske og mytiske, som ikkje blir forklart gjennom religion eller vitskap. Desse tankane var ein naturleg del av livet til folk, og hjelpte dei å forstå det ukjende og takle uvisse.
Ragnhild Kolsrud |
Ei svartebok er ei samling magiske oppskrifter, råd og formular, ofte skrivne for privat bruk.
Ho kan innehalde nyttig magi - som bøner og vernande formlar for å lækje sjukdom, verne menneske og dyr eller avverge ulykker - men òg skadeleg magi, som forbanningar og besvergelsar. Nokre tekstar handlar òg om å få kontakt med overnaturlege krefter.
Svartebøker hadde rykte på seg for å vere farlege og kraftfulle, men dei fleste var enkle notatbøker brukt av «kloke» folk i kvardagen.
UTSTILLINGSPERIODE: 1. juli 2026 - 1. september 2027