Hopp til hovudinnhald

Snøgg i Snudnan på museet

Nysgjerrig på dans, men aldri prøvd før? Kan danse, men får aldri nok? Har dansa tidlegare, men du hugsar ikkje trinna? Snøgg i Snudnan, Nes spel- og dansarlag og Hallingdal Museum inviterer til folkedans på museet.

Folkedans på museet

Tandberg Nesbyen
Møllevegen 18, 3540 Nesbyen, Norway
18. mars 2025
19.30 – 21.00

I samband med utstillinga "Se bestemor! Vi danser sammen" arrangerer vi dansekveld på Hallingdal Museum, Nesbyen. Dansen foregår i utstillinga i Tandberg-bygget. 

Spelmann denne kvelden er nesningen Øyvind Brabant, som reknast som ein av dei fremste spelmennene og tradisjonsberarane på hardingfele i Hallingdal. Han har eit drivande godt dansespel, og er ein særs ettertrakta dansespelmann.

Gratis inngang

Bruk den øvre inngangen til museet. Det er få parkeringsplassar. Dersom du parkerer ved det kvite hovudbygget kan du gå opp. Inngang til Tandberg på baksida.

  • Martin Myhr

Snøgg i Snudnan - Folkedans i Hallingdal

Snøgg i Snudnan blei skipa 21. september 2019, med føremål om å fremje folkedansen i Hallingdal. Fokuset er spesielt på rekruttering av vaksne, og å skape eit aktivt og inkluderande folkedansmiljø i Hallingdal. Snøgg i Snudnan har dansekveldar på Hugnadheim på Torpo annankvar tysdag i partalsveker. 

Nes spel- og dansarlag

Nes spel- og dansarlag blei skipa 13. juni 1950 under namnet Nes Spelemannslag, med Tor Myre som initiativtakar. Laget har vore aktive sidan då, og har mellom anna arrangert Landskappleiken (NM i folkemusikk og folkedans). Laget arrangerer fredagsdansar på Sorenskrivargården i samarbeid med Frivilligsentralen på Nesbyen.

Museum24:Portal - 2025.03.06
Grunnstilsett-versjon: 2