Før var det vanleg å slå med ljå for å skaffe vinterfôr til dyra. I nyare tid har ein tatt i bruk slåmaskin og rundballar. På slåttedagen på Ål Bygdamuseum kan du ta turen innom for å lære å slå med ljå, eller berre for å sjå på.
Museet har ljåar og anna ustyr, men ta gjerne med eige om du har! For dei minste (og dei litt større) har me ein rebus de kan løyse.
Me håpar på bra vêr. Velkomne skal de vere!
TID: Fredag 17. juli, kl. 11.00-16.00
STAD: Ål Bygdamuseum
INNGANG: Vaksne kr. 95,- Born kr. 70,-
ARR: Hallingdal Museum
- 1/2
- 2/2