Skigarden er ein del av ein eldgamal handverkstradisjon, og representerer ei djup materialforståing. Skigarden er også ein naturleg del av kulturlandskapet.
Ein skigard består av tre element, skier, staur og ei surring. Det finst ulike nemningar på delane i ein skigard, og materialbruken var avhengig av det som fanst tilgjengeleg lokalt. Grunnprinsippa for korleis den byggast har likevel vore omtrent dei same.
Med jamleg vedlikehald kan du få glede av ein skigard i lang tid.
På kurset får du lære tradisjonelle teknikkar for bygging av skigard, og du blir betre kjend med eit viktig handverk i norsk kulturarv.
Kurset passar for alle vaksne som er interesserte i tradisjonshandverk, bygningsvern og praktisk arbeid. Ingen forkunnskapar er naudsynte.
Fakta
TID: 11. - 12. september 2026
STAD: Hemsedal Bygdatun, Lykkjavegen 61, 3560 Hemsedal
PRIS: Gratis
ARRANGØR: Hallingdal Museum
PÅMELDING: haugen@buskerudmuseene.no
- 1/3
Vibeke Hjønnevåg - 2/3
Vibeke Hjønnevåg - 3/3
Vibeke Hjønnevåg
Hemsedalsviku
Hemsedalsviku er ein inkluderande møteplass for fellesskap, lokal identitet og stoltheit over bygda Hemsedal. Gjennom aktivitetart og samver ynskjer ein å styrke røtene, lære av kvarandre og vise fram kva Hemsedal er - for dei som bur der, og for dei som kjem på besøk.