Hopp til hovudinnhald

Se bestemor! Vi danser sammen!

Ei interaktiv danseutstilling for heile familien

  • 1/1

Denne utstillinga inviterer ung og gamal inn i samdansen. Samdansen den kan vere varm, god og intim. Den kan vere tydeleg i rytmen og kan lett hermast etter. Samdansen følast som eitt; du, den andre og musikken.

Verdien av å vere til stade i dansen, på golvet, med god musikk, det gjer mykje til mange. Difor vil me, i denne utstillinga, ta dykk med inn på dansegolvet, bak på øvingsrommet, inn i kostymelageret og inn i dansefilmarkivet. Me tek dykk rett og slett med på dans på lokalet.

Å danse det er for alle, og det er denne utstillinga òg. Med materiale frå heile Noreg, både gamle og nye versjonar, vil fotografi og film vise eit varmt mangfald av folkelege dansestilar i Noreg i dag. Det er òg ein lokal del, som viser filmar frå Hallingdal.

Dans på museum er eit sosialt, nøytralt, leikent og opent rom for prat, tolking, for minner og for å delta i dansen, herme og gjere opplevinga til si eigen.

For å sjå lokale filmar frå Hallingdal, klikk på bilete

Utstillinga er laga av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Kurator er Tone Erlien Myrvold. Kulturhistorisk Film & Formidling er produsent. Ansvarleg for teknikk, lyd og bilete er lydkunstnar Øystein Fjeldbo. Tuyo Design står for utforming og bygging. Produksjonen er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, UNESCO Norge, og Sparebankstiftelsen SMN.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2