Stove etter familien Øvrevollseie. Hardingfelespelmannen Kristian Øvrevollseie (1910-1973) frå Hovet voks opp i denne stova. Stova er flytt frå si opphavlege plassering, og sett i stand i Hovet. Utanfor er det oppført ein minnestein til minne om Kristian Øvrevollseie.
Kristian Øvrevollseie
Kristian Øvrevollseie var frå Hovet i Hol. Han hadde musikken i slektsarv, mellom anna frå morfaren Ola Halvorsen Lein (f. 1854) "Leinen", som spelte hardingfele, og frå mor, Anne Olsdotter Haugen (f. 1812), som var flink til å kvede og "låte med munne".
Han vart sett opp til, både av spelmenn og av folket i heile dalen, for spelet sitt og den personlege musikkutfaldinga. Han hadde godt utvikla fingerteknikk og flytande bogeføring. Slåttande fløymde fulltonande frå hardingfela i spontan musikkglede. I motsetnad til spelet, var mannen smålåten og "lite føre seg". Han var ungkar og budde åleine i ei lita stova ved kraftstasjonen til Hols-anlegget ("Femti år med folkemusikk" (1982), av Rolf Myklebust).