Gruppetilbod
Ål Bygdamuseum finn du litt opp frå Ål sentrum, oppover mot Øvre-Ål. Ål Bygdamuseum er delt inn i fire hovudområder: Leksvolgarden, det øvre tunet, stølen og husmannsplassen. Til saman er det samla 31 bygningar frå ulike delar av Ål kommune på området, i tillegg til mange gjenstandar.
- Guida vandring ute og inne på Ål Bygdamuseum, kan kombinerast med guida vandring i utstillinga Hallingrosa på Ål kulturhus
- Varigheit ca. 1 time
- Norsk eller engelsk
- Har gruppa ønske om ei spesialtilpassa omvising, ta kontakt i god tid
Booking og spørsmål
- Kontakt oss på hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no // (+ 47) 32 07 14 85
- Vi treng alltid stadfesting på bestilling
Praktisk informasjon
- Mogelegheit for bussparkering
- Museet er ikkje einga for rullestolbrukarar
- Det er ein utedo på området som kan brukast av besøkande