Hopp til hovudinnhald

 

Gruppebestilling etter avtale.

 

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Gamleskulevegen 17

3577 Hovet

 

I Nord-Hovet står framleis det gamle skulehuset frå 1880-talet.

Med heimel i skulelova av 1860 vart det bestemt av Sør-Hovet og Holet skulle ha fast skule. I Nord-Hovet og i Sudndalen skulle det framleis vere omgangsskule. I 1871 blei det vedteke at det skulle vere fast skule i Nord-Hovet òg, då i Løyte. Frå 1876 held skulen til på Anfinset, og i 1880-1881 blei det sett opp skulehus i Hølun. I 1903 vart huset flytt litt lenger opp, og der står det framleis. 

Skulehuset har tre rom: skulestugu, lærarrom og gang. Dersom det var naudsynt, kunne læraren bu i lærarrommet. Den siste læraren som held til i dette rommet var Ådne Øynestugun. Han var vaktmeister. 

Det var skule i Nord-Hovet fram til 1948, då vart elevane flytt til skula i Sør-Hovet. Frå 1952 vart det sentralskule i Hovet, men denne vart lagt ned i 2015. 

Nord-Hovet hadde to markante lærarar:

  • 1902-1918: Torger Larsgard
  • 1922-1948: Signe Larsgard, f. Govertsen. 
  • 1/1
    Ragnhild Kolsrud
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2