Hallingdal Museum Nesbyen er eit stort friluftsmuseum, med ei lang historie. Her kan du finne bygningar og gjenstandar som er samla frå heile Hallingdal. Dette representerer historia til Hallingdal gjennom fleire hundre år. Den eldste bygningen på området er Staveloftet frå Ål, som blei bygd rundt 1340. Vi har også fleire rosemala hus, ulike gardsbygningar og industribygningar.
Gjennom ei guida omvising vil ein av dei dyktige omvisarane våre bringe gamle tradisjonar til live att, og fortelje om livet i Hallingdal for 300 år sidan. Kanskje reiser de enda lengre tilbake, og får høyre om jenta som vart låst inne i Staveloftet då Svartedauden kom til dalen?
Friluftsmuseet er fint å besøke heile året, og ligg langs elva Rukkedøla.
Hallingdal Museum Nesbyen er administrasjonen til Hallingdal Museum, og her finn du òg administrasjonsbygning med kontor, butikk og utstilling. I tillegg til utleigelokalet Tandberg.
Gjennom året blir det arrangert ulike temadagar ved museet, mellom anna tradisjonsrike Markens Grøde i oktober og Jul på Museet fyrste helga i advent. Kvar onsdag frå juli til starten av august er det aktivitetsdagar, kor du kan sjå gamle handverkstradisjonar i husa og på området.