Nysgjerrig på kva som finst av historie i ditt nærområde? På den lokalhistoriske vandringa ser me på kva som finst av spor etter menneske frå tidlegare tider, og lærer meir om korleis områda har utvikla seg. Kanskje finst det ei artig soge? Vandringa blir tilpassa til nærområdet, og kan kombinerast med andre opplegg.
LÆREPLAN
Undervisningsopplegget skal ta utgangspunkt i læringsmål frå ulike delar av kunnskapsløftet 2020.
TIL LÆRAREN
Alle grupper som deltek i undervisningstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ynskjer me å gje dei unge gode opplevingar. For å få best mogeleg utbytte av museumsbesøket, bør det førebuast på førehand. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Me gler oss til å sjå dykk!