Hopp til hovudinnhald

Kunsten å lage kunst

Sommarutstilling på Dagali Museum i 2026

  • 1/1

Utstillinga set to kunstnarskap frå ulike tider i samtale med kvarandre. Gjennom tekstile uttrykk, materialutforsking og handverk møtest Birgit Hagens nyskapande arbeid og Brynhild Slaattos eksperimentelle praksis. Begge kunstnarane deler ei interesse for tekstilen sine eigne kvalitetar, og for samspelet mellom materiale, struktur og form.

I tillegg til verka som er viste i Stabburet, vil fleire av Brynhild Slaattos installasjonar vere plasserte ute i museumsområdet, der naturen sjølv får vere medskapar gjennom påverknad frå vind, regn, sol og tid.

Dagali Museums historiske bygningar og kulturlandskap dannar ei unik ramme rundt utstillinga og skaper eit møte mellom samtidskunst og lokale handverkstradisjonar. Utstillinga utforskar forholdet mellom kunst, natur, materialitet og tid – mellom det forgjengelege og det varige.

 

UTSTILLINGSPERIODE: 27. juni - 30. juli 2026

 

Utstillinga er støtta av Buskerud Fylkeskommune