Hopp til hovudinnhald

Kulturdag Gol

Velkommen til kulturdag på Gol Bygdemuseum

NB! Arrangementet har funne stad

Velkommen til kulturdag på Gol Bygdemuseum

Gol bygdemuseum
Skagavegen, 3550 Gol, Norge
04. juli 2026
11.00 – 16.00

Bruken av utmarksbeite har vore eit viktig grunnlag for gardsdrift i Hallingdal gjennom mange hundreår. Gardane hadde gjerne to eller fleire stølar. På stølen kunne dei hauste saftig fjellgras, som dei turka og lagra i ei lu. Rundt stølane var det gjerne gode og næringsrike beite. Kyr og geiter hadde det godt på stølen, og produserte mykje mjølk. Det var kona på garden og dei minste ungane som var på stølen. Morgon og kveld vart dyra mjølka, det vart ysta ost, kinna smør og kokt prim. 

 

Denne dagen kan du oppleve:

  • Å kinne smør
  • Karde ull
  • Rebus
  • Opne museumshus
  • Forteljarstund
  • Ope støl

TID: Laurdag 4. juli, 11.00-16.00

STAD: Gol Bygdemuseum

INNGANG: Gratis

OBS

Det er ny atkomst til Gol Bygdemuseum med bil!

Køyr inn på Fv223 som før, men ta av oppover Haugstadgutu.

I ein krapp sving på øversida av Hallingdal Folkehøgskule går det av ein veg til venstre. Følg denne til du finn parkeringa på nedsida av museet.