Hopp til hovudinnhald

Jul på museet

Kom i førjulsstemning på Hallingdal Museum! Ta med venner og familie, og bli med på ei koseleg førjulsoppleving med aktivitetar og gamle tradisjonar.

NB! Arrangementet har funne stad

Velkommen til eit stemningsfullt julearrangement

Nesbyen
Møllevegen 18, 3540 Nesbyen, Norway
29. nov. 2025
11.00 – 16.00
Vibeke Hjønnevåg

Velkommen til ein stemningsfull førjulsdag på Hallingdal Museum! Ta med familie og venner, og opplev museet pynta til jul med lys og dekorasjonar.

I Tandberg-bygget finn du Nesbyen Husflidslag med juleverkstad, peparkakebaking og kafé. Ute er det mogeleg å ri på hest, og Espesetnissane er på plass med ynskjeboka. 

Dagen avsluttast med fakkeltog frå museet til julegrantenninga i sentrum. 

 

TID: Laurdag 29. november kl. 11.00-16.00

STAD: Hallingdal Museum, Nesbyen

PRIS: 100 kr for alle over 5 år. Barn under 5 år går gratis.

ARRANGØRAR: Nesbyen Husflidslag og Hallingdal Museum

Jolesnuggen

Førebuingane før jul vart kalla jolesnuggen i Ål eller julesnuggje lenger ned i dalen. Snuggen tok til om lag ein månad i førevegen. Då vart det slakta, baka, bryggja øl, og til sine tider brent brennevin. 

På ein gard skulle det bryggjast minst ei tunne sterkt juleøl, og det vart baka lefsekling og asningskaker (asningskaku, asikaku, gøngekaku). Asningskaker er ein børddeig forma til flate kaker og steikt på takke, og var mykje brukt før komfyren kom. Før jul skulle kosten vera enkel, og det blir sagt at dei siste sundagen før jul ikkje skulle skifte. Denne sundagen vart kalla svartesundan.

Det var elles mykje å passe på i julehøgtida, og mykje som måtte gjerast på ein bestemt måte. Mykje av grunnen til dette var omsynet til dei underjordiske, som var ute og fór denne tida (Aal Bygdesoge; Kristen Svarteberg 1955, s. 119).

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3
    Vibeke Hjønnevåg