Arrangementet startar med vigsle i Hol Gamle Kyrkje, og fortset så med brudeferd til hest langs Holsfjorden med påfølgande kulturprogram på Hol Bygdemuseum.
VIGSLE: 12:00, Hol Gamle Kyrkje (Gratis inngang)
BRYLLAUPSFERD: 12:30, frå Hol gamle kyrkje langs fylkesveg 50 til Hol Bygdemuseum.
KULTURPROGRAM: 14:00, Hol Bygdemuseum. Inngangsbilett
Brudefølgjet kjem til gards på Hol Bygdemuseum, og blir helsa med lurblåsing av Anne Marie Kollhus. Fyritalsmennene (føretalsmennene) orienterer på norsk og engelsk om brureskikkar og tradisjonar.
- Brurevisa frå Hallingdal blir sunge til brureparet
- Brureparet dansar fyrste dansen - "å legge krossen"
- Presentasjon av bunadane frå Hallingdal
- Halling med sprelske hallingkast
- Diverse innslag frå folkelivet i eldre tider
- Hallingspringar med 2 følgjer
Innimellom innslaga blir det orientert om gjestebodstradisjonar m.m av fyritalsmennene på engelsk og norsk. Det blir sal av mat og drikke i bryllaupsgarden. Etter gjestebodet er det mogeleg å få omvising i dei gamle museumshusa.
HOLSDAGSFEST: sjå bondebryllaup.no for meir informasjon.
ARR: Holsdagsnemnda og Hallingdal Museum
Holsdagen
På Holsdagen kan du oppleve korleis eit bondebryllaup vart gjennomført i Øvre Hallingdal på 1800-talet. Her kan du oppleve fleire av dei fremste utøvarane innan spel, song og dans frå Hallingdal, lære om lokale bryllaupsskikkar, lokal drakttradisjon og få glimt frå historiske hendingar.
Holsdagen er ein viktig formidlar av den særskilde drakttradisjonen som finst i Øvre Hallingdal, både innan folkedrakter og hovudplagg.
- 1/14
Mari Agnethe Haugen - 2/14
Mari Agnethe Haugen - 3/14
Mari Agnethe Haugen - 4/14
Mari Agnethe Haugen - 5/14
Mari Agnethe Haugen - 6/14
Mari Agnethe Haugen - 7/14
Mari Agnethe Haugen - 8/14
Mari Agnethe Haugen - 9/14
Mari Agnethe Haugen - 10/14
Mari Agnethe Haugen - 11/14
Mari Agnethe Haugen - 12/14
Mari Agnethe Haugen - 13/14
Mari Agnethe Haugen - 14/14
Mari Agnethe Haugen