Hopp til hovudinnhald

 

Museet er stengt for sesongen, men tek imot gruppebestilling etter avtale.

 

Følg med på heimesida og sosiale medier for arrangement utanom sesong.

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Mogrendvegen 25

3576 Hagafoss

Hol Bygdemuseum finn du rett ved Rv. 7 i Hagafoss. På museumsområdet er det bygningar og gjenstandar frå dei ulike delane av Hol kommune. 

Museet er bygd opp som ein gamal gard frå Hol, med husmannsplass og støl. Dei fleste husa er frå 1700- og 1800-talet. I tillegg er det ein utstillingsbygning kor ein kan sjå utstile rosemåla gjenstandar, og folkedrakter frå området, som syner korleis folk gjekk kledd i Øvre Hallingdal før i tida. 

Hol Bygdemuseum vart skipa 8. november i 1914, og det er i alt 17 bygningar på området. Museet har òg ansvar for fleire andre hus i kommunen. 

Kvar sommar blir Holsdagen arrangert på museet, av Holsdagsnemnda med god hjelp av Hol Bygdekvinnelag. Holdagen syner korleis eit gamalt bondebryllaup i Øvre Hallingdal kunne sjå ut på 1800-talet. 

Hol kommune eig museet, og det er Hallingdal Museum som driv det. 

 

TILGJENGELEGHEIT

  • Det er ein parkeringsplass ved museet
  • Delar av museet eignar seg for rullestolbrukarar, inkludert utstillinga i hovudbygningen
  • Det er toalett (ikkje HC-toalett) i hovudbygningen. Det er HC-toalett på andre sida av Rv.7.
  • Hundar er velkomne på uteområdet
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2