Hemsedal Bygdatun ligg eit stykkje opp i dalsida i Ulsåk, med eit fantastisk utsyn til Hydnefossen. Bygdatunet Øvre Løkji er ein av dei eldste gardane i Hemsedal, med røter som går tilbake til folkevandringstida.
Ta gjerne turen innom i løpet av Hemsedalsviku for å oppleve dei gamle bygningane, sjå korleis folk levde før i tida og nyt ei hyggeleg stund i historiske omgjevnadar.
På museumsområdet står det bygningar frå midten av 1600-talet og fram til 1876. Bygdatunet med bygningar og gjenstandar gjev eit godt bilete på korleis det var å bu på ein gard i Hemsedal frå 1700-talet, og opp mot vår tid.
Kulturlandskapet som høyrer til garden har stått nesten uendra gjennom hundreår. Freda steingjerder og rydningsrøyser fortel om det slitet folk har hatt med å rydde dyrkamark i dei bratte bakkane. Kulturlandskapet på Øvre Løkji er faktisk vurdert som av "særleg nasjonal interesse".
Fredag 11. september:
- Skigardkurs dag 1, gratis (påmelding). Sjå eige arrangement.
Laurdag 12. september:
- Skigardkurs dag 2, gratis (påmelding). Sjå eige arrangement.
- Trøll i ord - høgtlesing av eventyr frå Hallingdal. Sjå eige arrangement.
Sundag 13. september:
- Familiedag på Hemsedal Bygdatun. Sjå eige arrangement.
TID: 7. - 12. september 2026
STAD: Hemsedal Bygdatun, Lykkjavegen 61, 3560 Hemsedal
PRIS: Gratis
PRAKTISK: Bygdatunet ligg opp ein bratt bakke, om lag 10 minuttar å gå frå parkeringsplassen. Området er dessverre ikkje eigna for rullestolbrukarar. Det er dyr på beite, ta omsyn til dei og lat att grinda etter deg.
ARRANGØR: Hallingdal Museum
Hemsedalsviku
Hemsedalsviku er ein inkluderande møteplass for fellesskap, lokal identitet og stoltheit over bygda Hemsedal. Gjennom aktivitetart og samver ynskjer ein å styrke røtene, lære av kvarandre og vise fram kva Hemsedal er - for dei som bur der, og for dei som kjem på besøk.