Hopp til hovudinnhald

 

Museet er stengt for sesongen, men tek imot gruppebestilling etter avtale.

 

Følg med på heimesida og sosiale medier for arrangement utanom sesong.

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Lykkjavegen 61

3560 Hemsedal

Hemsedal Bygdatun finn du eit stykkje opp i dalsida i Ulsåk, med eit fantastisk utsyn til Hydnefossen. Bygdatunet Øvre Løkji er ein av dei eldste gardane i Hemsedal, med røter som går tilbake til folkevandringstida. 

På museet står det bygningar frå midten av 1600-talet og fram til 1876. Bygdatunet med bygningar og gjenstandar gjer eit godt bilete på korleis det var på ein gard i Hemsedal frå 1700-talet, og opp mot vår tid. 

Kulturlandskapet som høyrer til garden har stått nesten uendra gjennom hundreår. Freda steingjerder og rydningsrøyser fortel om det slitet folk har hatt med å rydde dyrkamark i dei bratte bakkane. Skogen har òg ete seg innpå dyrkamarka gjennom fleire tiår, men restaurering, skjøtsel og beite er i ferd med å opne innmarka att. Kulturlandskapet på Øvre Løkji er faktisk vurdert som av "særskilt nasjonal interesse".

Øvre Løkji vart kjøpt av Hemsedal kommune i 1956, og det er dei som framleis eig bygdatunet. Hemsedal Bygdatun blir drive av Hallingdal Museum.

Frå tunet kan du følgje den historiske stølsvegen opp til Skogshorn, som mellom anna fører til Geiteberget, Storhøvda og Skurvefjell.

TILGJENGELEGHEIT

  • Bygdatunet ligg opp ein bakke, om lag 10 minuttar gåtur frå parkeringsplassen
  • Området er ikkje eigna for rullestolbrukarar
  • Det er ein liten utedo som kan brukast av besøkande
  • Det går dyr på beite, ta omsyn til dei og lat att grinda etter deg
  • Hundar er velkomne på uteområdet
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2