Hopp til hovudinnhald

Gull frå arkivet: Nes

I arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim er det lagra mykje gull frå Hallingdal. Gjennom "Gull frå arkivet" ynskjer vi å syne fram ein del av dette gullet, fyrst ut er arkivopptak frå Nes.

NB! Arrangementet har funne stad

Arkivopptak med dans frå Nes

Tandberg Nesbyen
Møllevegen 18, 3540 Nesbyen, Norway
22. feb. 2025
12.30

Arkivopptaka med dans frå Hallingdal viser variasjonar, stort mangfald, ei mengde personlege stilar, og ikkje minst personlegheiter. Med utgangspunkt i dette herlege arkivmaterialet, ynskjer me i utstillinga "Se bestemor! Vi danser sammen" å vise fram ein del av opptaka. 

Stikk innom utstillinga, ta deg ein kopp kaffi, og sjå, prat om og mimre attende om mange fantastiske dansarar frå Hallingdal. 

Inngang: 90 kr / gratis med årskort

Utstillinga er ope frå kl. 12.00-15.00 

  • HFN_Fa_22815: Dansarane Tor Myre, Aud Livgård og Tora Høva. Frå Hallingdal Museums Fotosamling.
Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2