Hopp til hovudinnhald

Gull frå arkivet: Damer i dansen

I arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim er det lagra mykje gull frå Hallingdal. Gjennom "Gull frå arkivet" ynskjer vi å syne fram ein del av dette gullet. I høve den internasjonale kvinnedagen, ynskjer me å lyfte fram nokon av dei dyktige damene frå Hallingdal. Det vil visast eldre opptak, men òg opptak av nyare dato.

NB! Arrangementet har funne stad

Arkivopptak med dyktige damer frå Hallingdal

Tandberg Nesbyen
Møllevegen 18, 3540 Nesbyen, Norway
08. mars 2025
12.30

Arkivopptaka med dans frå Hallingdal viser variasjonar, stort mangfald, ei mengde personlege stilar, og ikkje minst personlegheiter. Med utgangspunkt i dette herlege arkivmaterialet, ynskjer me i utstillinga "Se bestemor! Vi danser sammen" å vise fram ein del av opptaka. 

Stikk innom utstillinga, ta deg ein kopp kaffi, og sjå, prat om og mimre attende om mange fantastiske dansarar frå Hallingdal. 

Inngang: 90 kr / gratis med årskort

Utstillinga er ope frå kl. 12.00-15.00 

Bruk den øvre inngangen på museet. Inngang til utstillinga på baksida av Tandberg-bygget. 

  • HFN_Fa_12097. Dans på Holsdagen på 50-60-talet. Frå Hallingdal Museums fotosamling.
Museum24:Portal - 2025.03.06
Grunnstilsett-versjon: 2