Gol Bygdemuseum ligg på garden Skaga, som er ein av dei eldste gardane i Gol. Museet ligg i Golreppen, ovanfor Hallingdal Folkehøgskule. Gol Bygdemuseum er også utgangspunkt for fleire fine naturstiar i området, og tunet kan besøkast heile året.
Den siste bonden på Skaga overlet garden til Hallingdal Høgskulelag, som bygde folkehøgskule her i 1958. Det gamle tunet med innbu vart gjort om til eit museum - med stove, loft, stolpehus, låve, stallar mded trev, eldhus og skåle. Museet har seinare vorte utvida med med fleire bygningar, mellom anna ei stølsbu med fjøs og den gamle skulestova frå Grønlio.
Dei fleste husa på museumsområdet er frå 1800-talet, men loftet er frå 1750. Gol Bygdemuseum består i dag av to områder, garden Skaga og husa som har kome til seinare. Områda er knytt saman med ein liten sti.
Dersom du har lyst til å gå frå sentrum av Gol og opp, er det laga ei historisk vandring. Turen frå sentrum og opp tek om lag 30 minutt.