Hopp til hovudinnhald

Gje gåve?

  • NYG

Ynskjer du å gje gjenstandar til museet?

Hallingdal Museum forvaltar store og omfattande samlingar av gjenstandar. Likevel finst det fleire ting museet ynskjer å ta vare på for framtida, som enno ikkje finst i samlingane. Vi set difor stor pris på å bli kontakta om gjenstandar som kan vere av interesse for museet. 

På grunn av plass- og ressursomsyn må vi avgrense talet på nye gjenstandar til samlingane. Gjenstandar som på ein eller annan måte er særleg relevante for Hallingdal si regionale historie vil bli prioriterte. 

Slik gir du:

For å vurdere inntak til samlingane ynskjer museet at du sender følgjande på e-post:

Bilete av gjenstandane: Dette treng ikkje vere eit spesielt fint eller godt bilete, men må berre vise kva gjenstanden er. Dersom det er snakk om fleire gjenstandar, treng ikkje kvar gjenstand vere fotografert enkeltvis.

Relevante opplysningar: Museet ynskjer å vite om gjenstandane er knytt til personar og stader i Hallingdal, eller hendingar relevante for historia til regionen. Til dømes kven som har laga, brukt eller eigd gjenstandane, og kvar dei har vorte brukt. Ei kort skildring eller opplisting av det viktigaste er tilstrekkeleg. Fleire opplysningar og detaljar kan museet hente inn ved inntak.

E-posten kan sendast til: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no

  • Torgil H. Pålsrud |

Å vurdere inntak av gjenstandar til museumssamlingane tek vanlegvis nokre dagar.

Vi undersøker òg om samlingane allereie kan ha like eller tilsvarande gjenstandar, og om det i så fall vil vere hensiktsmessig å ta vare på fleire eksemplar. Dette kan ta litt tid. Vi set difor stor pris på tålemodet ditt.

Skulle det likevel ta lang tid, og du ikkje høyrer noko, må du gjerne ta kontakt igjen med ei venleg påminning. 

Vi kan dessverre ikkje ta imot gjenstandar same dag utan å ha gjort ei vurdering på førehand.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2