Har du tenkt over at det finst mange rare ting på museum? Veit du kva alt blei brukt til, eller kva det er laga av? Med utgangspunkt i gjenstandar frå samlinga til Hallingdal Museum, får elevane eit innblikk i korleis folk utnytta ulike materiale i gamle dagar, og gjorde det om til produkt til glede, nytte og nødvendigheit. Elevane får òg eit innblikk i ein viktig, men mindre synleg del av arbeidet på eit museum.
LÆREPLAN
Undervisningsopplegget skal ta utgangspunkt i læringsmål frå ulike delar av kunnskapsløftet 2020.
TIL LÆRAREN
Alle grupper som deltek i undervisningstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ynskjer me å gje dei unge gode opplevingar. For å få best mogeleg utbytte av museumsbesøket, bør det førebuast på førehand. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Me gler oss til å sjå dykk!