Hopp til hovudinnhald

Fotosamling

Hallingdal Museums fotosamling er fotosamlinga til Hallingdal Museum Nesbyen. Den fysiske samlinga består av om lag 50 000 fotografi, inkludert negativa etter SEFRAK-registreringane i Nesbyen kommune. Om lag 17 000 av desse fotografia er digitaliserte og tilgjengelege på Digitalt Museum. I tillegg har museet små samlingar med fotografi på fleire av dei andre avdelingane.

Digitalt Museum

Eit viktig mål er å gjere fotosamlinga tilgjengeleg på Digitalt Museum. Mange av fotografia manglar informasjon om personar og landskap. Legg gjerne inn tilleggsinformasjon eller ta kontakt om du har opplysningar om fotoa.

Søk i Digitalt Museum

Om fotosamlinga

Dei fyrste fotografia vart samla inn allereie i 1913-14, ikkje lenge etter skipinga av dåverande Hallingdal Folkemuseum. Dei fyrste bileta var i all hovudsak fotografi av eldre hus. 

På 1980-talet blei ansvaret for fotobevaring og fotoinnsamling hjå musea i Buskerud lagt til Ringerikes Museum, i dag Buskerud fylkesfotoarkiv. For å vidareføre innsamlinga av fotografi ved museet, vart innsamla fotografi avfotokrafert av fylkesfotografen, og ein kopi vart gjeven til museet. 

Etter arbeidet Nes Historielag la ned i boka "Nes i bilder og tekst 1865-1999", vart det starta eit samarbeid mellom Nes Historielag og Hallingdal Museum. I 2003 gjekk samarbeidet over til å gjelde registrering og digitalisering av historiske fotografi, og historielaget har gjort eit uvurderlig arbeid med dette! Nesten alt det som ligg digitalt, er det frivillige frå Nes Historielag som har gjort, og det er framleis 7 firvillige frå laget som hjelper museet med å registrere, digitalisere og tekste fotografi. 

Fram til nyleg har museet, i samarbeid med historielaget, lånt inn fotografi frå privatpersonar til digitalisering. Målet har vore å bevare og formidle dei private bileta, før det fysiske eksemplaret har vorte returnert til utlånar. Desse er tilgjengelege på Digitalt Museum etter avtale med utlånar.

I dag ynskjer Hallingdal Museum i størst mogeleg grad å samle inn dei fysiske fotografia, for å halde fram med bevaring av den fotograferte historia frå Hallingdal. I tillegg til å tilgjengeleggjere fotografia på nett, er det òg viktig å ta vare på dei fysiske objekta. 

Om bruken av bileta

Ynskjer du å bruke bileta frå fotosamlinga? Ta kontakt direkte med museet på e-post, så skal me hjelpe deg.

E-post: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no

Samlingsvekst

Har du fotografi du meiner er relevante for oss, så tek me gjerne imot. Museet har i fleire år samarbeida med Nes Historielag om digitalisering og teksting av fotosamlinga.

Målet med digitaliseringa er å ta vare på historiske fotografi av menneske og stader frå Hallingdal for ettertida, og å gjere samlinga tilgjengeleg for fleire. 

Du kan difor donere fotografi som ei gåve til oss slik at det blir ein del av den fysiske samlinga vår. All informasjon om namn, stadnamn, fotograf og historie rundt fotografia blir tatt i mot med stor takksemd.

Sjå bileta frå fotosamlinga på Digitalt Museum:

For fleire fotografi frå Hallingdal, sjå også:

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2