Hopp til hovudinnhald

Familiedag

Etter ei lang festivalhelg under Folkemusikkveka inviterer me dykk opp til ein innhaldsrik dag på museet.

NB! Arrangementet har funne stad

Etter ei lang festivalhelg under Folkemusikkveka inviterer me dykk opp til ein innhaldsrik dag på museet.

Ål Bygdamuseum
Øvre-ålsvegen 43, 3570 Ål, Norway
31. mai 2026
12.30 – 14.30
  • 1/1
    Foto: Thor Hauknes

Under familiedagen på museet blir det noko for alle. Det er folkemusikk-orientering ("Leik og leit") for ungar, kake og kaffi, konsert med systrene Ingeborg og Margit Onstad frå Valdres og høve til å gå inn i husa på museet.

Ingeborg Onstad frå Valdres er folkesongar og langeleikspelar. Ho lagar eigen musikk med tekstar på Valdresdialekt, og i tillegg spelar ho gamle folkeviser om riddere og prinsesser frå Valdres. Til konserten på Ål får du oppleve Ingeborg i samspel og samsong med systera Margit.

Velkommen!

TID: Sundag 31. mai, Leik og leit kl. 12.30, konsertstart kl. 13.00

STAD: Ål Bygdamuseum

PRIS: Gratis

ARR: Folkemusikkveka og Hallingdal Museum

Leik og leit

På leik og leit er det om å gjere å finne felefigurar og svare rett på alle spørsmåla! Leik og leit startar 12.30, i forkant av konserten. Alle er velkomne til å delta.

Vinnaren blir kåra etter konserten. 

Folkemusikkveka

Sidan 1976 har Folkemusikkveka på Ål samla både det lokale, nasjonale og internasjonale folkemusikkmiljøet til folkefest over fleire dagar, med store sceneframsyningar og intime temakonsertar, drøftingsemne, seminar, kurs, humor, dans til frukost og dans til kvelds, nattkonsertar, mm.

Hallingdal har i over hundre år vore naturleg stoppe- og konsertstad for felespelarar på nasjonalt nivå. Folkemusikkveka går inn i ein tradisjon og inviterer til minnerike opplevingar i eit mangfald av fine konsert- og danselokale.