Hopp til hovudinnhald

Familiedag på Ål Bygdamuseum

Etter ei lang festivalhelg under Folkemusikkveka inviterer me dykk opp til ein innhaldsrik dag på museet. Konsert med Alexander Aga Røynstrand, sal av mat og drikke m.m.

NB! Arrangementet har funne stad

Familiedag på Ål Bygdamuseum i samband med Folkemusikkveka

Gratis Ål Bygdamuseum
Øvre-ålsvegen 43, 3570 Ål, Norway
01. juni 2025
13.00
  • Runhild Heggem

Alexander Aga Røynstrand

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.

Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken.

Folkemusikkveka

Sidan 1976 har Folkemusikkveka på Ål samla både det lokale, nasjonale og internasjonale folkemusikkmiljøet til folkefest over fleire dagar, med store sceneframsyningar og intime temakonsertar, drøftingsemne, seminar, kurs, humor, dans til frukost og dans til kvelds, nattkonsertar, mm.

Hallingdal har i over hundre år vore naturleg stoppe- og konsertstad for felespelarar på nasjonalt nivå. Folkemusikkveka går inn i ein tradisjon og inviterer til minnerike opplevingar i eit mangfald av fine konsert- og danselokale.