Hopp til hovudinnhald

 

Tilgjengeleg for turgåarar heile året. Gruppebestilling etter avtale.

 

Følg med på heimesida og sosiale medier for arrangement.

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Døkklie 8

3577 Hovet

Dokken Fjellgard finn du i Sudndalen i Hol kommune. På museumsområdet finn du bygningar og gjenstandar frå garden, frå sist på 1700-talet, samt ei badstove frå Skøro og ei ny smie frå 1985. 

Historia til Dokken strekkjer seg fleire hundre år attende i tid. Frå gamalt av høyrde garden inn under søre Skøro, men vart skild ut som eige bruk i 1770. I 1795 vart garden seld til Ola Ellingson frå nordre Villand i Hovet. Då Ola kjøpte Dokken sto husa nede ved vegen, men Ola fekk flytt garden opp til noverande plassering - og byde husa som framleis står der i dag. Ola Ellingson var ein dugande kar, og vart sett høgt i bygda. Det er ikkje utan grunn at han vart kalla "Sudndalskongen". 

Hol kommune kjøpte garden i 1959 av dåverande eigar, Johannes Myren (1891-1962), og restaurerte alle husa.

Dokken Fjellgard blir drive av Hallingdal Museum. 

TILGJENGELEGHEIT

  • Det er ein liten, skilta parkeringsplass før du kjem til museumsområdet
  • Museet er ikkje eigna for rullestolbrukarar
  • Det er ein liten utedo som kan brukast av besøkande
  • Hundar er velkomne på uteområdet
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2