Hopp til hovudinnhald

 

Museet er stengt for sesongen, men tek imot gruppebestilling etter avtale. 

 

Følg med på heimesida og sosiale medier for arrangement utanom sesong.

 

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Bygdevegen 76

3588 Dagali

 

Dagali Museum finn du midt i fjellbygda Dagali. På museumsområdet er det bygningar og gjenstandar frå Dagali, Skurdalen, Tunhovd og Uvdal. Mykje av det som er bevara på museet høyrer til Numedalstradisjonen, då Dagali fram til 1944 var ein del av Uvdal kommune. 

Museet er bygd opp som ein gamal gard med ni ulike gardsbygningar frå Dagali, dei fleste frå 1700- og 1800-talet. I tillegg står den gamle skulestova frå Dagali på museet. 

Dagali Museum var opphavleg ei privat samling, samla av lærar og fanejunker Gunnar Stensen (1870-1970). Stensen starta å samle gjenstandar rundt 1900, og bygningar frå 1920 og framover. Han bygde opp samlinga på garden sin, Fagerlund. I 1947 testamenterte han heile museet til bygda, og Dagali Museumsforening blei stifta for å drive det vidare.

Kvar sommar blir det stilt ut kunst frå anerkjende kunstnarar i Kjønnaas-stabburet. Museumsdagen under Dagali-dagan midt i juli har òg blitt ein hyggeleg tradisjon, med utegudsteneste, servering, opne hus og ulike aktivitetar. 

Dagali museumsforening eig museet, og sørger for god god hjelp på museumsdagen - saman med Dagali Bygdekvinnelag. Dagali Museum blir drive av Hallingdal Museum.

TILGJENGELEGHEIT

  • Det er ein liten parkeringsplass ved museet, på andre sida av vegen
  • Området er ikkje eigna for rullestolbrukarar
  • Hundar er velkomne på uteområdet
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2