I samband med at Hans i 2023 øydela tømmerfløtningsanlegget på Hallingdal Museum Nesbyen, utarbeider me no eit nytt anlegg og eit nytt undervisningsopplegg.
LÆREPLAN
Undervisningsopplegget skal ta utgangspunkt i læringsmål frå ulike delar av kunnskapsløftet 2020.
TIL LÆRAREN
Alle grupper som deltek i undervisningstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ynskjer me å gje dei unge gode opplevingar. For å få best mogeleg utbytte av museumsbesøket, bør det førebuast på førehand. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Me gler oss til å sjå dykk!