Hopp til hovudinnhald

Bli frivillig

Ynskjer du å bidra med frivillig arbeid på eitt av musea våre i Hallingdal?
Frivillige er til stor hjelp for musea våre, gjennom å bidra til aktivitet og liv på dei forskjellige besøksstadene. Dei er gode støtte- og medspelarar, som bidreg til å styrke interessa for kulturarven i Hallingdal. Som frivillig arbeidar du gratis.

  • NYG

Som frivillig kan du til dømes vise fram ulike typar handverk på arrangement, hjelpe til med servering, delta på reingjeringsdugnad, sesongopning, arrangement, registrering av gjenstandar eller digitalisering av fotografi.

Hallingdal Museum ynskjer òg at du som frivillig kan kome med forslag og innspel til arrangement, føredrag, tema for utstilling eller andre aktivitetar som kan vere med på å skape aktivitet og liv hjå oss.

Dersom du er interessert i å bidra, kan du ta direkte kontakt med oss på e-post eller telefon. Fortel gjerne litt om kva du er interessert i. 

Lenger ned på sida kan du sjå døme på det våre frivillige er interessert i, og bidreg med på aktivitetsdagar, arrangement, eller ved anna arbeid i løpet av sesongen.

Kontakt oss:

Tlf: 32 07 14 85

E-post: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no

Døme på kva du kan bidra med:

  • Handverk (trearbeid, strikking, sying, veving, quilting mm)
  • Bunad/drakt
  • Smiing
  • Slått
  • Lokalhistorie
  • Formidling/omvising
  • Skodespel
  • Dans, musikk og/eller song
  • Halde foredrag
  • Høgtlesing for barn
  • Maling og teikning
  • Registrering og digitalisering
  • Snekring og enkel reparering
  • Matlaging
  • 1/1
    Torgil Pålsrud
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2