Ideen til prosjektet og førestillinga kom då museumsedagog Ragnhild Kolsrud, gjennom jobben på Hallingdal Museum, var deltakar på ildsjelsamling i Trondheim arrangert av Norsk senter for folkemusikk og folkedans – som ein del av prosjektet «Dansespor». Senteret har sjølv arrangert fleire vellykka arkivdansekonsertar med fokus på rørospols.
Målet
Målet for prosjektet er å arrangere arkivdansekonsertar i Hallingdal, med utgangspunkt i dei områda der det er dokumentert dans på film. Gjennom framsyning av gamle danseopptak, levande dans og musikk frå dagens utøvarar og tradisjonsberarar, er det eit ynskje at fleire får innblikk i det mangfaldet som finst, og den utviklinga springaren har hatt. Prosjektet ynskjer å invitere med seg unge, vaksne utøvarar, som kan vere med på å ta desse formene aktivt i bruk – for å føre dansen vidare til kommande generasjonar med tradisjonsutøvarar.
Felles for arkivdansekonsertane i Hallingdal er at:
- Den ytre ramma til prosjektet og førestillinga skal vere mogeleg å overføre til reisten av Hallingdal.
- Det kulturhistoriske er viktig å få fram i førestillinga, då det er sentralt å bli kjend med dansekjeldene.
- Det skal vere ei god fagleg formidling av arkivopptak og dansen.