Hopp til hovudinnhald

 

Museet er stengt for sesongen. Vi tek imot bestilling frå grupper og skuleklasser.

Følg med på heimesida og sosiale medier for arrangement.

 

Vaksen kr 90

Barn kr 60

 

Fellesbillett til alle besøksstader i Hallingdal, gyldig i 6 dagar.

Vaksen kr 120

Barn/honnør/student kr 80

 

Tlf: 32 07 14 85

 

Øvre-Ålsvegen 43

3570 Ål

 

Ål Bygdamuseum finn du litt opp frå Ål sentrum, oppover mot Øvre-Ål. På museumsområdet er det bygningar og gjenstandar frå ulike delar av Ål kommune.

Museet vart skipa i 1924 av Ål museumslag, med utgangspunkt i dei gamle husa på garden Leksvol. Etter kvart har det kome fleire bygningar og gjenstandar til museet.

Ål Bygdamuseum er delt inn i fire hovudområder: Leksvolgarden, det øvre tunet, stølen og husmannsplassen. På Leksvol står dei gamle gardshusa frå nordre Leksvol, som vart flytt til museumsområdet etter skipinga i 1924. Det øvre tunet er ei samling med einskilde, spesielle hus frå kommunen. Stølen er ei samling stølshus, og husmannsplassen viser dei husa som var mest vanleg på ein husmannsplass før i tida. Til saman er det 31 hus på museumsområdet. 

Kvart år er det familiedag på museet med konsert under Folkemusikkveka i slutten av mai. Museet har òg fleire slåtteenger, og eit av dei faste arrangementa er slåttedagen i juli. 

Ål Museumslag eig museet, og er òg venneforeininga til museet. Ål Bygdamuseum blir drive av Hallingdal Museum.

Martine Solstad Larsen

TILGJENGELEGHEIT

  • Det er ein parkeringsplass før du kjem til museumsområdet
  • Museet er ikkje einga for rullestolbrukarar
  • Det er ein utedo på området som kan brukast av besøkjande
  • Hundar er velkomne på utandørsområdet
Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2