Bli med kvar onsdag for fine aktivitetar for store og små, vaffelservering, forteljarteater og god stemning.
-
Vibeke Hjønnevåg
Utvandringa til Amerika er eit stort kapittel i norsk historie og i historia til Hallingdal. På Hallingdal Museum Nesbyen står eit emigranthus, som blei bygd i 1882 av Ole Svendson Skrattegard i Nord Dakota. Historia om Ole startar likevel 20 år tidlegare.
Ole Svendson Skrattegard kom frå Skrattegard i Ål, og gifta seg i 1862 med Gro Nilsdotter Gudmundsrud, frå Gudmundsrud i Ål. Ikkje lenge etter bryllaupet reiser Gro og Ole frå Noreg, og dei kjem til Iowa i august 1862. Dei neste 15 åra (1863-1878) kjem ti barn til verda. Gro greidde ikkje den 10. fødselen, og døyr i1878. Ole tek med seg ungane, og flyttar til Nord Dakota. Der set han opp huset, som no står på museet. I tida som følger døyr fleire av ungane til Ole og Gro. Ole bur i huset fram til han går bort i 1918.
Etter Gro er det bevara mange brev som ho sendte til familien i Hallingdal, der ho fortel om livet i Amerika. Desse breva finst på Ål Bygdearkiv.