Meir informasjon kjem
-
Vibeke Hjønnevåg
Syftesok
Syftesok, Svitunsmesse, Maria berggang, syftæsøkk
Syftesok er ein gamal norsk merkedag som finn stad 2. juli. Dagen er ein katolsk festdag til minne om den heilage Svinthun av Winchester. Namnet tyder "Svinthuns-vaka", men er òg sett i samanheng med verbet syfte, "å reinske". På denne dagen kunne ein ha skikkar som skulle bidra til å reinske åkeren for ugras. Dagen fell saman med Maria besøksdag.
Syftesok er markert på primstaven mange ulike symbol, mellom anna bisp, bispestav, to kvistar i kors, ljå, krona hovud, altar.
I Hemsedal var m.a. syftesokdagen ein helgedag. Då var det som oftast drikkelag, for å vigsle inn slåttonna. Dagen etter 3. juli, tok dei ofte til med onna i gamal tid.