Den 9. april 1940 gjekk Tyskland til angrep på Noreg og innleidde fem år med okkupasjon. Dei største byane vart raskt tekne, og tyskarane ønskte å sikre viktige ferdselsårer som Bergensbanen. For å hindre framrykkinga vart jernbanespor og bruer i Hallingdal sprengde. Mange hallingar meldte seg til teneste og deltok i kampane mot dei tyske styrkane. Den 25. april nådde krigen Hallingdal, då tyske soldatar rykte inn gjennom Gulsvik. Slik vart også dalen ein del av dei dramatiske hendingane som prega Noreg våren 1940.
Denne dagen kan du oppleve:
- Utstilling av traktorar og motorsyklar
- Barneaktivitet: MILORG-jeger
- Omvising: Krigen i Nesbyen og Hallingdal
- Radiosending frå London
TID: Onsdag 29. juli, kl. 11.00-16.00
STAD: Hallingdal Museum Nesbyen
INNGANG: Vaksne kr. 120,- Born kr. 80,-