Elva har gjennom hundrevis av år vore ein viktig ressurs for menneska. Rukkedøla er eit godt døme på dette. I 1888 bygde Otto Knoph Rømcke ei mølle ved elva, og i 1935 vart ho erstatta av ei ny mølle. Mølla frå 1935 står framleis og er eit synleg minne om den tidlegare verksemda.
For å utnytte vasskrafta vart det bygd demningar og steinmurar for vassinntak, og reistar av desse kan framleis sjåast langs elva. Det vart også oppført eit badehus for dei "kondisjonerte".
Rukkedøla hadde dessutan ei viktig rolle som fløytingselv. Store mengder tømmer vart gjennom mange år fløytt ned elva og vidare ut i Hallingdalselva.
Denne dagen kan du oppleve:
- Opning og demonstrasjon av tømmerrenna
- Barneaktivitet: Fløt ditt eige tømmer
- Omvising i mølla
- Demonstrasjon av gamle arbeidsreiskapar
- Mini-verkstad: Bygg eit lite hus
TID: Onsdag 5. august, kl. 11.00-16.00
STAD: Hallingdal Museum Nesbyen
INNGANG: Vaksne kr. 120,- Born kr. 80,-
- 1/3
NYG - 2/3
NYG - 3/3
NYG