"Livet i gamle dagar hadde so faste former, omgangen med menneska imellom følgde visse reglar" (Folk og fortid i Hol II).
Skikkane og normene for korleis folk skulle oppføre seg før i tida var faste. Var det nokon som skilde seg ut på ein eller annan måte, vart det lagt merke til og snakka om. I Hallingdal er det mykje som er likt i forhold til skikk og bruk ved forskjellige slags samkomer og samvere, men det er òg forskjellar. Hol og Ål viser størst likskap, medan Hemsedal, Gol, Nes og Flå har mykje felles.
Visste du at dei gamle gravølsskikkane med bedarmenn held seg i Ål fram til andre verdskrig?
Denne dagen kan du oppleve:
- 12:00 og 14:00 Forteljarteateret: Jenta i Staveloftet
- 13:00 og 15:00 Omvising om fest og bunad i Hallingdal
- Song og dans med Nes spel- og dansarlag
- Ope hus i Kolsrud
- Mat i Skåterudmoen
- Nesbyen Husflidslag kjem
- Kafè i Tandberg v/ Nes Museumslag
TID: Onsdag 1. juli, kl. 11.00-16.00
STAD: Hallingdal Museum Nesbyen
INNGANG: Vaksne kr. 120,- Born kr. 80,-