Hopp til hovudinnhald

Arkivdansekonsert: Gol

Arkivdansekonsert: Gol blei gjennomført i 2024 som eit pilotprosjekt med fokus på Gol som tradisjonsområde. I dette prosjektet fekk ein stifte nærare kjennskap til tradisjonsutøvarane Olaf Liahaugen (1908-1973), Sigurd Teigen (1906-2005) og den legendariske Torleiv Sjåheim (1891-1978).

Skjermbilete frå forestilling / Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Pilotprosjektet tok utgangspunkt i gamle arkivopptak og intervjumateriale, og presenterte dette gjennom ei førestilling som tok publikummarane med på ei reise gjennom tradisjonsmaterialet frå Gol.

Utøvarar på prosjektet var: Silje Risdal Liahagen, Lars Fivelstad Smaaberg, Andrea Søgnen, Vebjørn Jøtun Fauske og Åsmund Fauske Jøtun. 

Prosjektet fekk støtte frå Norsk Senter for folkemusikk og folkedans, som også stilte arkivopptak, intervju- og biletmateriale til disposisjon.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2